Skjenking av alkohol på tog »
Du kan få skjenkebevilling frå kommunen eller frå Helsedirektoratet.
Ønskjer du skjenkebevilling på eit tog som er offentleg/kollektivt transportmiddel, må du søkje Helsedirektoratet om statleg skjenkebevilling. Med "offentleg/kollektivt transportmiddel" meiner myndigheitene at toget går til bestemte tider, stoppar på bestemte stader og er opent for alle.
For tog som ikkje er i bruk som kollektive transportmiddel, men som blir brukt til for eksempel charter-turar, sightseeing-turar, rundturar og leievogner, må du søkje om kommunal skjenkebevilling i den kommunen toget er i.