HMS-kravene for din bransje

Tilverking av alkoholhaldig drikk

Ønskjer du å starte produksjon av alkoholhaldig drikk, må du anten ha statleg tilverkingsbevilling, eller ei utvida skjenkebevilling med rett til tilverking frå kommunen. Om du ikkje har slik bevilling, er all tilverking av alkoholhaldig drikk forbode.

Statleg tilverkingsbevilling for alkoholhaldig drikk

For å starte produksjon av alkoholhaldig drikk for engrossal, må du ha statleg tilverkingsbevilling. Ei slik bevilling kan omfatte brennevin, alkoholhaldig drikk som ikkje er brennevin eller all alkoholhaldig drikk.
 

Kva er tilverking?

Med tilverking meiner myndigheitene all produksjon av alkoholhaldig drikk. Slik produksjon kan skje ved gjæring, destillasjon eller på annan måte. Det omfattar for eksempel alkoholgjæring av druesaft, frukt- eller plantesaft, gjæring på malt (øl) og framstilling av alkohol av anna produkt ved destillasjon eller annan teknisk prosess (brennevin).
 
Tilverking omfattar også all vidareforedling eller bearbeiding av ein alkoholhaldig drikk som allereie er framstilt. Utvatning, tilsetjing av kolsyre, blanding med fruktsaft, mineralvatn eller anna væske, blanding av fleire alkoholhaldige drikker eller søtning krev derfor tilverkingsbevilling.
 

Korleis søker du?

Bevillings- og tilsynsmyndigheit for statlege tilverkingsbevillingar er Helsedirektoratet. De må sende skriftleg søknad på eit eiget skjema.
 
Ved søknad om tilverkingsbevilling må de betale eit søknadsgebyr. I følgje engrosforskrifta er gebyret:
 
  • for tilverking av alkoholhaldig drikk som ikkje er brennevin kr. 12.000
  • for tilverking av brennevin kr. 15.000
  • for tilverking av all alkoholhaldig drikk kr. 15.000

For å få tilverkingsbevilling må verksemda oppfylle følgjande fire vilkår:

  1. Bevillingshavar og person(ar) som eig ein vesentleg del av verksemda eller har vesentleg innverknad på verksemda, må ha uklanderleg vandel i forhold til lovgiving av betyding for korleis verksemda skal drivast, herunder alkohollovgivinga, tollovgivinga, skatte- og avgiftslovgivinga, reikneskaps- og selskapslovgivinga og næringsmiddellovgivinga.
  2. De må stille tilfredsstillande sikkerheit for betaling av alkoholavgift.
  3. Tilverkingsanlegget må vere tilfredsstillande sikra. I denne samanhengen legg myndigheitene vekt på den fysiske sikringa av tilverkingsanlegg og lager samt rutinar for lagerhald og adgangskontroll. Krava er strengast for produksjon og lagring av brennevin.
  4. Bevillingshavar kan ikkje drive anna verksemd som ein ikkje kan foreine med tilverking av alkoholhaldig drikk.
Om du får tilverkingsbevilling, må bevillinga heile tida utøvast i tråd med dei vilkåra som er gitt i bevillinga, i alkohollova og forskriftene til lova, og elles på ein forsvarleg måte.
 

Distribusjon

Den som har tilverkingsbevilling, har ansvaret for at distribusjonen av varene skjer i trygge former og i samsvar med reglar gitt i eller i medhald av alkohollova, frå produksjonsstart eller det tidspunktet varene kjem til landet og til dei er levert annan bevillingshavar.
 

Inndraging av bevilling

Om de bryt vilkåra for bevillinga, kan Helsedirektoratet inndra bevillinga for kortare eller lengre tid. Om de ikkje lenger tilverker alkohol, skal myndigheitene inndra bevillinga.

Årlig gebyr

For bevilling til tilverking av alkoholhaldig drikk skal de betale eit årleg gebyr. Myndigheitene stadfestar storleiken på gebyret på grunnlag av kor stor mengd tilverka alkoholhaldig drikk de omset.

Kommunal bevilling for tilverking av alkoholhaldig drikk

Om du driv ein serveringsstad og har kommunal skjenkebevilling for servering av alkohol eller ønskjer å starte opp slik verksemd, kan kommunen etter ei vurdering utvide ei skjenkebevilling til også å omfatte tilverking av alkoholhaldig drikk som inneheld over 2,5 og mindre enn 22 volumprosent alkohol til skjenking i eiga verksemd.
 
 

Publikasjoner

Regelverk

Del med andre
Sist endret: Opprettet: Oppdatert av: Helsedirektoratet

Hold deg oppdatert i regelverket





























































Vennligst fyll inn din e-postadresse og klikk meld på eller meld av abonnement.


Kontakt oss

kontakt@regelhjelp.no

815 48 222

  • Arbeidstilsynet
  • Statens hus
  • Prinsens gate 1
  • Trondheim

Etater bak nettstedet

  • Arbeidstilsynet
  • Helsedirektoratet
  • Strålevernet
  • Miljødirektoratet
  • NSO
  • DSB
  • Nærings- og fiskeridepartementet