Veiviser til regelverk for virksomheter

Vurdering av fare for arbeidstakarar under 18 år

Når personar under 18 år skal nyttast i arbeidet, skal arbeidsgivaren vurdere den faren (risikoen) dei blir utsette for. Vurderinga skal utførast før personar under 18 år tiltrer arbeidet, og gjerast om att kvar gong det skjer vesentlege endringar i arbeidsvilkåra.

Pliktene til arbeidsgivaren

Som arbeidsgivar pliktar du å sørgje for at arbeidstakarar under 18 år ikkje blir sette i arbeid som kan innebere fare for tryggleiken eller helsebelastningar. Det skal særskilt takast omsyn til alderen til arbeidstakaren.

Unge arbeidstakarar er arbeidstakarar under 18 år

Utfordringar

Utfordringar som ofte er knytte til unge arbeidstakarar:

  • Dei er meir utsette for skadar i arbeidet enn eldre arbeidstakarar.
  • Kroppen er ikkje ferdig utvaksen.
  • Dei kjenner ikkje sine fysiske grenser.
  • Dei tør ikkje alltid seie ifrå om arbeidsoppgåver dei ikkje er i stand til å utføre.
  • Dei har lite arbeidserfaring og problem med å identifisere farar.
  • Dei brenn etter å ta fatt på arbeidsoppgåvene og står på, noko som kan føre til at dei overvurderer si eiga yteevne.

Risikovurdering

Ettersom omfanget av arbeidserfaring og graden av modenheit varierer frå person til person, må personar under 18 år vurderast individuelt.

Vurderinga skal gi eit grunnlag for å kunne ta stilling til

  • om arbeidsgivaren skal setje i verk tiltak
  • om det er høve til å setje barn til det aktuelle arbeidet
  • om arbeidet er ramma av forbodet mot arbeid som kan innebere særleg fare
  • om det er høve til å gjere unntak frå forbodet mot nattarbeid

Vurderinga skal særleg ta utgangspunkt i

  • arbeidsstaden og utstyret og innreiinga på arbeidsplassen
  • innretning, val og bruk av arbeidsutstyr og maskiner, og måten dei blir handterte på
  • arbeidsorganiseringa
  • arten, graden og varigheita av eksponering for fysiske, biologiske og kjemiske faktorar
  • uheldige psykiske belastningar ved arbeidet
  • arbeidsoperasjonar som kan overbelaste muskel- og skjelettsystemet
  • barns og unges nivå med tanke på opplæring og instruksjon

Avgrensingar i arbeid personar under 18 år kan utføre

Personar under 18 år kan ikkje utføre arbeid som

  • overstig den fysiske eller psykiske yteevna deira
  • inneber eksponering for giftige eller kreftframkallande faktorar, faktorar som forårsakar arvelege genetiske skadar, faktorar som forårsakar fosterskadar, eller som på annan måte forårsakar kroniske skadar for menneske
  • inneber eksponering for skadeleg stråling
  • inneber fare for ulykker som det er rimeleg å tru at personar under 18 år ikkje kan kjenne att eller unngå på grunn av lite bevisstheit om tryggleik eller lite erfaring, opplæring eller øving

Informasjon og opplæring

Arbeidsgivaren skal sørgje for at personar under 18 år får

  • nødvendig opplæring og instruksjon i arbeidet
  • informasjon om dei helsemessige konsekvensane av at arbeidet ikkje blir utført i samsvar med opplæringa

Som arbeidsgivar skal du sørgje for at personar under 18 år og deira foreldre eller føresette får

  • informasjon om eventuell fare som har samanheng med arbeidet
  • informasjon om alle tiltak som blir sette i verk for å ta vare på tryggleiken og helsa til dei unge

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:
Del med andre
Sist endret: Opprettet: Oppdatert av: Arbeidstilsynet

Hold deg oppdatert i regelverket





























































Vennligst fyll inn din e-postadresse og klikk meld på eller meld av abonnement.


Kontakt oss

kontakt@regelhjelp.no

815 48 222

  • Arbeidstilsynet
  • Statens hus
  • Prinsens gate 1
  • Trondheim

Etater bak nettstedet

  • Arbeidstilsynet
  • Helsedirektoratet
  • Strålevernet
  • Miljødirektoratet
  • NSO
  • DSB
  • Nærings- og fiskeridepartementet