Veiviser til HMS-regelverket

Lasterampar for varelevering

Som arbeidsgivar skal du sørgje for at lasterampar og lasteplassar er dimensjonerte for den lasta som skal transporterast, og at lasterampane er sikra for å unngå at arbeidstakarane dett ned.

 

Kva plikter arbeidsgivaren har

Som arbeidsgivar skal du sørgje for at arbeidsplassen er utforma slik at arbeidstakarane ikkje blir påførte uheldige fysiske belastningar. Du skal stille nødvendige hjelpemiddel til rådvelde for arbeidstakarane.

Formålstenlege hjelpemiddel må stillast til disposisjon

Lidingar på grunn av uheldige fysiske belastningar kan oppstå som følgje av mangel på eller feil utforming av hjelpemiddel. Nødvendige hjelpemiddel for å hindre slike uheldige fysiske belastningar skal stillast til disposisjon for arbeidstakarane.

Handtering av varer

Handtering av varer, frå lastebil og inn til hyller, er utsette arbeidsoppgåver som kan føre til uheldige belastningar eller ulykker. Varemottaket bør vere plassert slik at ein unngår tunge løft mellom bil og rampe.

Det skal så langt som mogleg leggjast til rette for at bilen kan køyrast heilt inn til rampen. Varene skal kunne trillast eller køyrast frå lasterampen og inn til hyllene. Transportvegane både fram til mottaket og frå mottaket og inn til hyllene, må difor vere breie nok. For å kunne trille eller køyre varene frå lasterampen og inn til hyllene, må hjelpemiddel stillast til rådvelde.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:
Del med andre
Sist endret: Opprettet: Oppdatert av: Arbeidstilsynet

Hold deg oppdatert i regelverket





























































Vennligst fyll inn din e-postadresse og klikk meld på eller meld av abonnement.


Kontakt oss

kontakt@regelhjelp.no

815 48 222

  • Arbeidstilsynet
  • Statens hus
  • Prinsens gate 1
  • Trondheim

Etater bak nettstedet

  • Arbeidstilsynet
  • Helsedirektoratet
  • Strålevernet
  • Miljødirektoratet
  • NSO
  • DSB
  • Nærings- og fiskeridepartementet